Vil du ha brev frå oss?

Kvar veke prøver me å senda ei lita helsing til abonnentane våre, men også til dei som ikkje abonnerer og berre er nyfikne på kva me har på hjarta. Kunne du tenkja deg ei slik helsing? Då er det berre å leggja att e-postadressa di under. Brevet er sjølvsagt gratis, og du kan enkelt melda deg av om du tykkjer me vert for masete. I tillegg til helsinga innheld brevet lenkjer til dei siste sakene våre som me meiner du bør få med deg, men som naturleg nok er valfrie å lesa. Me opnar til og med nokre av sakene våre for deg som ikkje er abonnent for å gje eit glimt av livet bak betalingsmuren. Og sjølvsagt for å freista deg til å klyva over muren for godt.

Meld deg på nyhendebrevet her

Sidan målet vårt er å få flest mogeleg til å lesa Hordaland Folkeblad, sender me nyhendebrev til alle som vil ha. Det gjer me for å minna om alle dei gode og mindre gode, interessante og
mindre interessante og viktige og mindre viktige sakene redaksjonen produserer.
«Gott & blandat», med andre ord. Den kortsiktige vona er at alle finn noko dei likar.
Den langsiktige vona er å få ein fast plass i kvardagen din. 

Sidan me er så rause,
deler me ut HF-koppar

til eit utval av dei som melder seg på nyhendebrevet. Om du er av den heldige typen som alltid plar vinna på basar eller liknande, kan det henda at du får eit slikt eksklusivt krus i posten. Kruset passar til både varm og kald drykk som gjerne kan nytast saman med rykande ferske nyhende frå nettopp, ja du gissa rett, Hordaland Folkeblad. Skund deg og meld deg på! Du kjem ikkje til å angra.

Redaksjon
(Har du eit godt tips? Ta kontakt med ein av oss)

Charlotte Svendsen
Journalist

Ragnhild Børven
Journalist

Sigbjørn Linga
Bladstyrar

Marknad
(Treng du hjelp til logga inn? Skulle du ha annonsert noko? Me er her)

Hilde Saxsæter
Annonse og abonnement

Kristina Kvåle
Grafisk designar

Camilla Skaar
Dagleg leiar

Digitalt eller komplett?

  • Tilgang til alt innhald på hf.no, e-avis kvar tysdag og fredag og digitalt, søkbart arkiv attende til 1873 for berre 219 kroner i månaden
  • Om du er glad i det handfaste, får du papiravisa i posten i tillegg til digital tilgang for berre 249 kroner i månaden
  • Og er du ung og fager (nærare bestemt under 31 år) er månadsprisen skarve 111 kroner for digitalt og 129 kroner for komplett abonnement
  • Livet er for kort til å nøla! Kjøp abonnement her:
    Abonnement på Hordaland Folkeblad

Legg inn e-postadressa di

og me sender deg brev ein gong i veka

Har du fått med deg desse sakene?

Medlemane i Kvam Næringsråd er splitta i synet på ein cruisekai i Kvam. Ein tredel er positiv.

Les meir her: 
Nøkkelen til suksess

Cruiseplanane ved Skarpen, ikkje minst talgrunnlaget, fekk skarp kritikk då om lag hundre personar møtte fram til folkemøte i Øystese torsdag.

Les meir her: 
Cruiseaktørar avviste kritikk

Trass grått og vått vêr var det godt oppmøte då Øystese Næringslag inviterte til offisiell opning av aktivitetsparken i Øystese sentrum.

Les meir her: 
Aktivitetsparken er offisielt opna